Det vert fire nye utdanningsprogram frå skuleåret 2020-21. Dei fyrste som dette vil gjelda for, er dei som er født i 2004.
Alle endringar er på yrkesfag.
Dei fire nye er:
- Design og tradisjonshåndverk
- IKT og medieproduksjon
-
Salg, service og reiseliv
-
Frisør, - blomster- og interiørdesign
Det er dei to tidligare utdanningsprogramma Design og håndverk og Service og samferdsel som er delt opp. Dei andre seks yrkesfaga vert som før:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Naturbruk
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Det vert fleire endringar på det andre året i vgs: Kontor- og administrasjonsfaget og resepsjonsfaget (vg2) skal verta erstatta av eit nytt fag, med nytt innhald og nytt navn. Fleire av dagens programområder vert delt. Eksempelvis vil Vg2 byggteknikk verta delt i Vg2 tømrer og Vg2 betong og mur, og Vg2 matfag vert delt i Vg2 baker og konditor og Vg2 industriell matproduksjon. I tillegg vil det verta oppretta fleire nye lærefag innanfor fleire av utdanningsprogramma, slik som: dyrefaget, anleggsrørleggerfaget, veidrift- og veivedlikeholdsfaget, ventilasjonsteknikkfaget og truck- og liftmekanikerfaget. Transport og logistikk vil verta flytta frå service og samferdsel til teknikk og industriell produksjon.
Ein kan lesa meir hos Utdanningsdirektoratet her.