Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2026><<
november 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oktober på Høle SFO 🎃

Skolen og SFO har planleggingsdag fredag 13.november!

I oktober har me hatt uike danseleikar, vore i søyden og lese bøker både på biblioteket og på SFO. Det har vore fine stunder med leik, skaparglede og leseglede.

Barna har òg teke opp potetene dei sette i vår. Det var spennande å sjå kva som hadde vakse under jorda. På morgon SFO var barna med på å skrelle potetene til lapskausen me skulle bruke dei i.

I haustferien gjekk me på tur og hadde naturbingo. Me kosa oss òg med pannekaker og fruktsalat. Baka muffins gjorde me òg.

Me har starta med kjøkkenhjelparar. To barn får ansvar for å dekkje på, fylle vatn i glasa og servere dei andre barna. Gjennom desse oppgåvene får barna bidra til fellesskapet og oppleve ansvar og meistring.

Me held fram med å styrkje den sosiale kompetansen og sjølvreguleringa itl barna. I leik og kvardagsaktivitetar øver me på å samarbeide, vente på tur, ta omsyn og handtere kjensler. Me støttar barna i å finne gode løysningar saman og vere gode vener for kvarandre.

Main Image
Bilete 1 av 26