Meny
Velg seksjon Framside
Vedlegg
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Praksisskule

Velkommen til oss!

Høle skule starta samarbeidet med dåverande Stavanger Lærerskole skuleåret 1993-94. Samarbeidet er utvida gjennom konseptet med «Praksisskule», kor ein har gått frå at ein praksislærar hadde ansvaret for studentane sine, til at heile skulen er involvert. Dette er eit konsept som har passa oss veldig bra. Vår skule har ein parallell og praksislærarane er difor avhengige av å samarbeide med andre lærarar for å kunne gje studentane mest mogleg timar innan deira fagretning. Det er også ein fordel for studentane som skaffar seg erfaring på fleire trinn.

Samarbeidet med Universitetet i Stavanger er veldig verdifult for Høle Barne – og Ungdomsskule. Universitetet tilbyr praksislærarutdanning til våre praksislærar og tilfører dermed skulen verdfull vegleiingskompetane og oppdaterer vår praksis etter det nyaste innan pedagogikk.

I praksisperioden blir studentane ein del av kollegiet, dei blir kjent med elevane våre og med vår skulekultur. Nokre av studentane kjem igjen som vikarlærarar og hjelper oss ved behov, andre søker seg tilbake til skulen som kollega når utdanninga er fullført.  Studentane våre blir dermed også ei viktig kjelde til rekruttering av nye kollegar.   

Elevane våre opplever også studentane som eit kjekt og variert innslag i skulekvardagen. Studentane er flinke til å få kontakt med elevane og lage sine eigne undervisningsopplegg i treninga til å bli lærar. Elevrådet støtter difor alltid skulen sin søknad om å fornye praksisavtalen.

Igjen, velkomen til oss!

 

Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomssskule 2016. Sjå vedlegg høyre side