Meny
Velg seksjon SU
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2026><<
november 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
September 🍁

September har vore ein månad med variert aktivitet, kreativitet og gode stunder saman.

Me har bakt og sydd, og barna har fått bruke både hendene og fantasien. I gymsalen har me hatt ulike aktivitetar med rom for rørsle, leik og samarbeid. På musikkrommet har me dansa og spelt på Launchpad, som er ein fin måte å utforske musikk og rytme på.

Me har òg vore mykje ute, med god tid til fri leik. Leiken gir barna høve til å vere saman, byggje vennskap og dele opplevingar.

Kvar torsdag har me besøk av elevar frå ungdomstrinnet hos oss som ein del av arbeidslivsfaget. Det er ein fin liten gjeng som finn på mykje kjekt saman med barna.

Gode måltid har vore ein viktig del av kvardagen . Rundt bordet får me tid til å roe ned, prate saman og nyte maten i fellesskap.

Takk for ein fin september! Me gler oss til nye opplevingar saman i oktober.

Main Image
Bilete 1 av 12