Fine augustdagar på SFO ☀️
Me har fått ein veldig fin start på det nye SFO-året! Dei første vekene har me brukt tid på å bli kjende med kvarandre, finne oss til rette og bli trygge på reglar og rutinar.
Publisert: 02.09.2026 11:15 Sist endra: aldri Forfattar: Mona Øvregård
Det har vore mykje god leik både ute og inne, og me opplever at me har fått ein flott gjeng som trivst godt saman.
Dei fine augustdagane har me nytta godt. Me har sykla, leika mykje ute og ete fleire av måltida våre ute i sola. Inne har nokre av barna vore kreative og sydd små dyr og bokmerke. Det har vore kjekt å sjå skaparglede, konsentrasjon og gode stunder rundt aktivitetane.
Vennskap og inkludering har også vore eit viktig tema denne månaden. To fredagar har me sett ein episode av «Vaffelhjarte» på NRK Super. Etterpå har me reflektert saman over kva det vil seie å vere ein god venn, korleis me inkluderer andre i leiken og korleis me kan handtere usemje på ein god måte. Me har også snakka om kva me sjølve kan gjere for å bidra til at alle opplever tilhøyrsle og kjenner seg som ein del av fellesskapet på SFO.
August har med andre ord vore fylt med leik, aktivitetar, gode samtalar og nye vennskap. Me er godt i gang og gler oss til ein fin haust saman med denne flotte gjengen! 🍂