Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Juni på Høle SFO 🌞

Juni har vore ein innhaldsrik månad med mykje fint vèr og kjekke aktivitetar.

Barna har vore på tur til sjøen, på mattur til skogsbasen og leika med såpebobler, noko som har skapt mykje latter og glede. Me har hatt høgtlesing på biblioteket, og Sommarles har vore populært. Mange barn har vore ivirige lesarar, og på SFO har me både lese bøker saman og høyrt på lydbøker. Det har gitt mange fine lesestunder og me håpar at det òg har bidratt til aukt leseglede.

I løpet av juni har me òg hatt leikedag der barna fekk ta med seg ei leike og pokemon-kort heimanfrå. Me har òg hatt ein morosam utkledingsdag med mange kreative og fantasifulle kostyme.

Tid til å gå i sløyden har me òg fått til. Her får barna vere kreative og lage eigne produkt. Sløydøktene har vore både lærerike og kjekke.

Juni har altså vore ein månad fylt med leik, aktivitet, krativitet, fellesskap og gode opplevingar.

Me ønskjer alle barn og føresette ein riktig god sommar, og takkar for eit flott SFO-år!

Main Image
Bilete 1 av 15