Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Mai på Høle SFO 🌸

Mai har vore ein fin og aktiv månad på Høle SFO.
Me har til brakt mykje tid ute og nytta det gode vårvêret. Barna har kosa seg med sykling, leik i sandkassen og avslapping i hengekøyene. Det er kjekt å sjå korleis dei finn ro ute samstundes som dei er aktive og utforskande.
Inne har de òg vore mykje variert aktivitet. Barna har perla, teikna og fargelagt, bygd med Lego og delteke i ulike former for rolleleik. Gjennom leiken utviklar barna kreativitet, samarbeidsevner og fantasi, samstundes som dei har det kjekt saman.
Måltida er eit hyggeleg samlingspunkt i kvardagen, og barna set stor pris på maten som blir servert. Ein ekstra favoritt denne månaden har vore kjøtkaker i brun saus med poteter og gulrøter.
Me held fram med å ha fokus på sosial kompetanse og leikekompetanse. Gjennom samtalar, rettleiing og leik arbeider me med kva det vil seia å vere ein god ven. Me øver på å inkludera kvarandre, visa omsorg, samarbeida og løyse utfordringar på ein god måte. Målet er at alle barna skal oppleva tilhøyrsle, meistring og gode vennskap på SFO.

Main Image
Bilete 1 av 9