Meny
Velg seksjon 1. steg
Engelsvollvegen 91 4353 KLEPP STASJON
Telefon: 51786500 Send e-post til oss
Redaktør: Linda Refvik
Norsk 1.-4.steg
Salaby
Salto
Engelsk 1.-4.steg
Stairs 1-4
Det er no mogleg å bestilla skulemjølk frå Skolelyst.no

Resultat frå aksjonsdag 25.04.24

kr. 22.668,-

Flott resultar som går til landet Bangladesh.

Tusen takk til alle elevar, foreldre, sysken, besteforeldre, tanter og onkler m.m. som bidrog til at det blei ein flott dag.

Adminstrasjonen Engelsvoll skule


En blåruss tok turen innom 1.steg på fredag. Hun skulle i Kongeparken, men hadde satt av litt tid hos oss. Elevene syntes det var stas og stilte seg villig i kø for å få russekort. At dette var en kjekk slutt på fredagen, var elevene enige om🤩

I nydeleg sol og vårvær, gjekk turen til biblioteket på Klepp. Vi blei møtt av ei smilande dame som tok godt imot steget og samla dei i lesestund. To kjekke bøker fekk vi lytta til og reflektere litt kring innhaldet både i tekst og bilete. Etter dette fekk elevane bli kjende med det nye biblioteket, bøkene i barneavdelinga og ikkje minst: få eige lånekort og låne bøker! Elevane er utruleg gode på å stå i rekke og venta i kø. 

Før vi gjekk attende til skulen, åt vi felles lunsj ute i sola og kosa oss utanfor Klepphallen. 


Vi har det så gildt på uteskule! Trollhåla er ein fin stad å gå på uteskule til. Og at det er 5 km å gå, er det ingen som seier noko på. Sist veke hadde vi god leik, søk etter vårteikn, spikking og ein god lunsj. I dag tok vi turen atter ein gong, men no hadde Signe parkert Toyotaen sin der og hengekøyer, grillmat (pinnebrød, pølser og kylling), ved, spikkeknivar, div utespel mm.blei slik tilgjengeleg. Sekken til Veslemøy mangla heller ikkje noko. Her var bøker, teikneark, fargar og skrivesaker pakka med.  Gjett om det blei ein kjekk dag! Elevane hang i hengekøyer, spikka med dei nye spikkeknivane, kvilte, koste seg og las bøker i bilen til Signe som hadde madrass, gode puter og pledd. Lunsj med nystekte pinnebrød med pølse eller kylling smakte godt. Tenk heile klassen fekk plass i Signe sin bil samtidig! Ute fann nokon larver og laga hus til dei. Andre las om sopp og fann ut kva plantar og knoppar heitte.  Tenk så heldige vi er som kan vera på tur med desse flotte elevane- for ein fantastisk gjeng og dag! Berre glade born og vaksne- me kosar oss veldig saman🌟👏