I år er det landet Zambia vi samlar inn pengar til. Skulen arrangerer ein turmarsj med kafe på skulen etterpå.
Ta med foreldre, sysken, besteforeldre, tantar og onklar..... og kom!
Elevane møtar i sine klasserom til registrering kl. 16.45.
Lærarane er i klasseromma for registrering og utdeling av kart/svarskjema til turløype.
Me oppfordrer alle til å donere 20,- pr. stk. 100,- for familie for å vere med på turmarsjen.
Når elevane/familien har registrert seg, startar dei på turmarsjen.
De kan levere inn svarskjema etter marsjen i kasse i gymsalen. Må leverast seinast kl.18.30 for å vere med i trekning.
Frå kl. 17.00: Gå tur rundt Engelsvåg mot Q-meieriet og tilbake til skulen via bru ved gangsti og Kvednadalen.
Når dei kjem opp på skuleplassen kan ein kjøpe pølser i pølsekiosken eller setje seg i ein av kafeene. Pølsekiosken og kafeen opner kl 17.30. Dersom det er fint vêr kan ein nyte maten ute
Sal av diverse bakevarer, te, kaffi og saft på mat og helserommet og i gymsalen. I gymsalen vil det og vere høve til å setja seg ned å slå av ein prat med gode naboar og kjende.
Sal av ting frå ”Hei verden” i klasserom 8
Elevrådet har bingo i klasserom 7: kl 17.30, kl 18.00 og kl 18.30. Det koster kr 10 pr bingobrett.
Lykkehjul i rom 5
Er det besteforeldre, tantar, onklar eller andre i familien som ikkje kan koma på aksjonskvelden, er det mogleg å støtte Hei verden ved å vippse nokre kroner til Vippsnr 512531
19.00: Slutt, foreldrekontaktar og andre vaksne som kan, er med og ryddar etter aksjonen.