Halloween blei til temadag på 2.steg. Dagen ble starta med skeleton-dance og film med kvifor vi har og feirar Halloween. Etterpå blei det matematikk med statistikk der elevane laga søyleediagram etter å ha talt opp ulike figurar. Vi hadde og memory i koordinatsystem og elevane valde brikker ut frå kva koordinat brikkene hadde. Bingo blei det og etter at vi hadde jobba med engelske halloweenord. Siste time blei det musikk med rytmeaktivitet etter musikk på dagens tema og til slutt muffins laga av elevane og pynta hemmeleg av lærarane. Vitjing av rektor og avdelingsleiar i starten av dagen var overraskande og kjekt- da blei det sjokolade på gjengen. Elevane var nøgde med dagen og gler seg til ny feiring i kveld og neste år🦇👻😉