Engelsvoll skule er ein praksisskule. Her får framtidige lærarar
verdifull erfaring i kva det vil seie å vere lærarar, med god veiledning og
tett oppfølging av erfarne lærarar.
For at studentane skal få så
brei praksiserfaring som mogeleg, vil vi legge til rette for at dei får prøve
seg på alle steg. Samtidig er det spennande for oss som skule å kunne ta imot
studentar som sit på den ferskaste kunnskapen om kva forskning seier er god
undervisning.
Skuleåret 2023 - 2024 er det Njål Sikveland, Trine Skaret og Ellen K. Simonsen som
skal ta imot studentar frå lærarutdanninga.
Studentane som kjem til skulen vil følgja
praksisplanen vår. Denne planen tek utgangspunkt i skulen sin visjon, verdiar
og satsingsområder. Alle studentar skriv under på taushetserklæring.
Me gler oss til å ta i mot studentar!