Vi har lært om kva frukt vi kan hausta i Noreg. Elevane fylte kvar si fruktkorg og var nysgjerrige på korleis frukta blei til. Bier er viktige insekt i pollineringa og frøa gir nye tre og vekster som kan gje ny frukt om nokre år. Tenk at frukta kjem av dei fine blomane på plantane!