Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Praktisk informasjon

Fogn oppvekstsenter består av barnehage, skule frå 1.-7. klasse og SFO tilbod om ettermiddagen.

Barnehagen

  • Opnar kl. 07.30 om morgonen. 
  • Borna må leverast før kl. 09.00, om ikkje anna er avtalt.
  • Dei som kjem tidleg kan gjerne ha med frukostniste og ete i barnehagen.
  • Borna får lunsj kl. 11.00 og eit enkelt måltid kl. 14.00.
  • Borna kan hentast frå kl. 15.00. Skal dei hentast tidlegare, må dette gis beskjed om.
  • Barnehagen stengjer kl. 16.20, alle born må då vere henta.

 

Skulen

  • Skulestart er klokka 08.15, men vi opnar dørene klokka 08.00 slik at dei som ynskjer kan koma inn då. 
  • Vi har denne rytmen i skuledagen:
    08.15-09.00: 1. time
    09.00-09.45: 2. time
    09.45-10.00: Friminutt
    10.00-10.45: 3. time
    10.45-11.00: Matpakkelunsj i klasserommet (vi et felles i foajeen på fredagar)
    11.00-11.20: Friminutt
    11.20-12.05: 4. time
    12.05-12.15: Friminutt
    12.15-13.00: 5. time
    13.00-13.10: Friminutt
    13.10-13.55: 6. time 
  • Skulen er fådelt, slik at 1.-4. klasse er ei gruppe, 5.-6. klasse er ei gruppe og 7. klasse er ei gruppe (skuleåret 2018-19).
  • Elevane i 5.-7. klasse har fleire fulle dagar enn dei som går i 1.-4. klasse. Sjå eigne timeplanar.
  • Vi har tilbod om leksehjelp til elevar i 3.-6. klasse. Omfanget er 40 minutt rett etter skuletid på måndag, tysdag og torsdag.

 

SFO - Skulefritidsordning

Stavanger kommune gir dette året tilbod om gratis SFO for elevane i 1.klasse. Det har ført til at vi har oppretta eige SFO-tilbod etter skuletid. Elevar som har behov for SFO-tilbod før skulestart, kan få dette i barnehagen.

Til vanleg er SFO:

  • Eit tilbod til born i 1.-4. klasse
  • SFO opnar rett etter leksehjelp/skuleslutt og held opent til kl. 16.20 på alle kvardagar
  • Borna får eit måltid ca. kl. 14.30