Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

God påske til dykk alle! 

Minner om at det er planleggingsdag i skule, SFO og barnehage tysdag 2.april.  


Er du usikker på kva barnet ditt held på med på nettet? (pc og/eller mobil), eller kva grenser eller reglar er ok å setje? 

I samarbeid med FAU har vi invitert Barnevakten til eit foreldremøte på oppvekstsenteret 25. april kl. 17:30.

Vi får då høyre Fartein Thorsen som vil engasjere oss, gi oss gode råd og informasjon om barns bruk av media, samt kva som er trygg bruk av digitale medier både heime og på skulen.
Du kan lese meir om Barnevakten på nettstaden https://www.barnevakten.no/

Sett av datoen alt nå. Vi ønsker alle foreldre i skule og barnehage velkomne til ein viktig og interessant kveld. 


Alle skulane i Stavanger skal nå bruke ein fast mal på heimesidene og heimesida vår er nå straks klar til publisering. 

Den nye heimesida vil vere meir overordna med m.a. informasjon frå kommunen. Målsetjinga er at ein lettare skal finne dei tenestene og den overordna informasjon som ein har behov for.

Informasjon til foreldre vil i hovudsak gis i Vigilo. 

Vi trur dette blir bra. Vi sender ut melding i Vigilo med link når heimesida er publisert. 

 


Over 160 elever fra Sola, Skadberg, Goa, Haga og Fogn, deltok i sjakkturnering i Sola Kulturhus. Etter at turneringsleiar Ivbjørn Nimki hadde ønskt oss velkommen, senka roen seg i lokalet og partia var i gang. Ni elevar frå Fogn oppvekstsenter stilte opp, litt nervøse og spente, men veldig fornøgde etter at fem partier var spelte.


Fram til vinterferien har 1.-4.klasse 4 timar på onsdagane i samband med SvømStavanger.

Etter vinterferien er vi tilbake til vanleg timeplan, der elevane i 1.-4.klasse har 3 timar denne dagen.

Skulebussen kjører frå skulen kl 10:45 på onsdagane i perioden etter vinterferien og fram til sommarferien.