Fritak for vurdering med karakter

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) Kapittel IV. Fritak frå vurdering med karakter

 

Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka

§ 9-21.Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
a. Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
b. Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
c. Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
d. Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.

Søknadsskjema finnes nederst på siden og sendes skolen v/ rektor. 

Fritak for vurdering med karakter for elever med individuell opplæringsplan  

Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.
Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag.
Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.

Skolen anbefaler sjelden dette. Dersom man vurderer dette, må skolen kontaktes slik at man får gitt nødvendig rettledning. Søknadsskjema ligger nederst på siden, og sendes skolen v/rektor. 


Fritak for vurdering med karakter i kroppsøving 

Elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving dersom den tilpassa opplæringa elevane får etter opplæringslova § 11-1, ikkje kan vurderast med karakter.
Kommunen eller fylkeskommunen avgjer søknader om fritak.

Søknadsskjema ligger nederst på siden, og sendes skolen v/rektor

 

Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får innføringsopplæring

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som tar fatt på opplæringa i Noreg i siste halvdelen av eit skoleår, har rett til fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette skoleåret.
Elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa som får innføringsopplæring etter opplæringslova § 3-7 og § 6-6, har rett til fritak frå vurdering med karakter i heile perioden dei får innføringsopplæring. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan ikkje bli fritatt frå standpunktkarakter etter denne paragrafen.