FAU er ein viktig del av skulen si verksemd og skal sørgja for å gi foreldra ein reell medverknad på det som skjer i skulen
FAU består av foreldrerepresentantar frå kvar klasse. Desse utgjer tilsaman eit utval som skal vera samarbeidspartnaren til skulen i alle saker som omhandlar skulekvardagen for barna.
Samarbeidet med FAU er regulert i Opplæringsloven, og det er rektor som er ansvarleg for å leggja til rette for eit godt samarbeid mellom foreldre og skulen.
FAU skal komma med råd og innspel på saker som er aktuelle for skulen å jobba med, men dei kan også ta opp saker som dei meiner er viktige for skulen.
Saman skal me skapa FAU saman med skulen skal sørgja for at elevane får eit trygt og godt skulemiljø