Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Nyttig/praktisk informasjon om Marvik skule

Her er ein del nyttig informasjon til deg som er ny ved Marvik skule. 

 

Visjon

Marvik skule sin visjon er: 

"Næring til vekst - sterke røter og robust stamme". Du kan lesa meir om den Om Marvik skule 

 

 

Bli med andre heim etter skulen

Det er veldig kjekt når elevane ønskjer å besøka kvarandre etter skulen. I slike tilfelle skal dette avtalast heimefrå. Skulen tillet ikkje elevar å låna telefon for å ringe heim og avtala dette i skuletida. De kan melda i frå om slike beskjedar på Transponder innan kl. 8 same dag dersom eleven skal dra frå skulen på ein annan måte enn vanleg.

 

Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skolesekken er ein nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i skulen får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag. Satsinga er eit samarbeid mellom kultur- og skulesektoren. På Marvik skule er me heldige og får besøk av profesjonelle kunstnarar ca. 2 gonger i løpet av eit skuleår. Det hender også at me besøker kulturelle institusjonar for å delta på forestilling. 

 

Elevsamtalar / utviklingssamtalar

Det skal gjennomføres minst to elevsamtalar mellom kontaktlærer og elev i løpet av kvart skuleår. Elevsamtalen tar utgangspunkt i kva barnet vil og kan, kva det ønsker og drøymer om, kva det har lyst til å lære og kva det strevjar med. Elevsamtalen blir gjennomført i skuletida.

 

Faddarar

Elevane i 7.trinn er faddarar for elevane i 1.trinn. Frå førskuledagen og spesielt fyrste skuleår har 1. og 7. trinn felles aktivitetar for å gjera dei nye elevane trygge i skulemiljøet.

 

Ferie- og fridagar

Det som populært blir kalla skuleruta (og som ikkje må forvekslast med skuleskyss) er oversikt over ferier og fridagar i løpet av skuleåret. Oppdatert oversikt kan du finna på nettsida til oppvekst i Suldal kommune.

 

Foreldrekonferansar / Utviklingssamtalar

Minst to gonger i året skal foreldre og føresette ha ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlærar, gjerne saman med eleven. I utviklingssamtalen skal foreldre og lærarar få svar på spørsmål og bli einige om kva som skal skje framover når det gjeld den faglege læringa og den sosiale og personlege utviklinga til eleven. Målet med samtalen skal vere korleis eleven, skulen og foreldra saman kan legge til rette for eleven si faglege og sosiale utvikling. Samtalen er også viktig for å bygge tillit mellom lærar og foreldre. Skal ein etablera ein dialog, må lærarane lytta, ikkje berre informera. Foreldre skal bli høyrt. (Udir.no)

 

Foreldremøter

Føresette blir invitert til eit foreldremøte i kvar klasse raskt etter skulestart. Møta skal planleggast i samarbeid mellom kontaktlærar og foreldrekontaktane. Møta kan bl.a innehalda:

  • Omtale av klassemiljøet. 
  • Læraren fortel hva som kjenneteikner aldersgruppa på det aktuelle trinnet. 
  • Fagleg presentasjon med fokus på korleis skulen jobbar med grunnleggjande ferdigheiter og korleis heimen kan støtta opp om barnet sin utvikling heime. 
  • Forventningar til foreldre og elevar når det gjeld heimearbeid, arbeidsinnsats, å møta presis, oppførsel o.l. 
  • Informasjon om skulen sine satsingar og fokusområde. 
  • Informasjon om skulen si nettside, korleis den brukast av skulen og bør brukast av heimen. 
  • Informasjon om leirskuleopphald i for 7.trinnet. 

osv...

 

Foreldreråd (FAU) og samarbeidsutval (SU)

Foreldreråd (FAU)
§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskular
(opplæringslova)
På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

Samarbeidsutvalet (SU)
§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskular
(opplæringslova)
Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
§ 11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar
(opplæringslova)
Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.

 

Forsikring

Barna er forsikra mot ulykkesskadar i skuletida og når dei deltek på ekskursjon, reiser, stevner og liknande i skulen sin regi. Dei er også forsikra på skulevegen og i SFO-tida.

 

Fri frå skolen

Skulen oppmoder føresette til å i størst mogleg grad nytta ferier/fridagar som er fastlagt for skuleåret dersom eleven treng fri. Dersom det skal takast ut fridagar utover vanleg skulefri, skal det søkjast skriftleg om dette. Ved søknad om fri/permisjon, brukar ein Transponder fråvær inntill 3 dagar. Ved fråvær utover 3 dagar skal ein bruka søknadsskjema. I følge Opplæringsloven §2-11, kan eleven få permisjon for inntil 10 skuledagar når det er forsvarleg. Det er føresette sitt ansvar at eleven får gjort skulearbeid ifølge avtale med kontaktlærar i den perioden som det blir søkt fri for.

 

Fådelt skule / aldersblanda klassar
Marvik skule ein fådelt skule med få elevar som blir undervist i aldersblanda klassar. Hos oss blir 1.-2, 3.-4. og 5.-7 undervist saman i matematikk, norsk og engelsk. I dei andre faga blir 1.-4. og 5.-7. undervist saman. 
Det er på mange måtar ein stor pedagogisk ressurs å ha aldersblanda grupper, og det er fleire professorar og forskarar som har uttalt seg om det. Aldersblanding har blant anna klare fortrinn med tanke på sosial læring. Relasjonsmønsteret i skular med aldersblanding fremjar djupare sosial samhandling mellom elevane enn i fulldelte skular. Det er også ein studie som seier at barn i aldersblanda grupper har større føresetnader for å tilpassa seg samfunnslivet seinare enn barn i aldershomogene grupper. Fleire meiner difor at dette er ein framtidsretta modell for læringsgrupper i skulen, dette fordi aldersblanding og færre elevar per lærar gir gode høve for å fremja aktive og sjølvstendige elevar. Dette ser me også blant skular i Noreg som vel å organisera seg på nye innovative måtar. Nyskolen i Oslo er eit slikt døme. Dei har vald å ta inn få elevar, og deler dei inn i aldersblanda grupper som ein pedagogisk arbeidsmåte for å fremja læring, tryggleik og demokrati blant elevane. Nyskolen seier det så fint: «Mange skjønar at dette kan vera fint for dei som er yngst. Det mange ikkje er klar over er at det er endå litt betre for dei som er eldst».
Me er stolte over å kunne organisera dagen i aldersblanda grupper, og ser dette som ein stor moglegheit for oss for å kunne gi differensiering og tilpassing fokus.
Aldersblanding gir oss også gode høve til å jobba med tverrfaglege tema og prosjekt saman på tvers av dei samanslåtte klassane, og til og med heile skulen i lag. Dei eldste får rettleia dei mindre, og dei minste ser opp og strekk seg etter dei som er større. 

 

Innesko

Det kan vere greit at borna bruker sandalar/innesko. Elevane får ikkje springa på sokkane ute. Ved ein evt. brann er det også svært viktig at borna har fottøy på seg inne, spesielt om vinteren, då evakuering må skje raskt og ein ikkje kan rekna med å kunne stoppa opp i gangen for å finne uteskoa.

 

Kontakte skulen

Skulen sitt telefonnr er: 52 79 08 40. Det er ikkje alltid at ein når dei tilsette på skulen på dette telefonnummeret. Du kan også sende ein melding i Transponder og be ein av oss ringe deg opp att dersom det er noko som hastar. 

 

Lekser / heimearbeid

Elevane får heimearbeid som dei skal gjera etter skuletid, dette for å fremja elevane si læring. Leksene skal vere repetisjon av det elevane har lært på skulen, og vera tilpassa den enkelte elev.  

 

Leirskule

For 7. trinn blir det arrangert leirskule på Gullingen på forsommaren med fire overnattingar.

 

Lus

Kvart år er det utbrot av lus i fleire skular og barnehagar. Smitten er heilt uavhengig av hygiene. Jo lenger eit barn går med smitte før det blir oppdaga, jo større sjans er det for at familie og vener blir smitta og igjen fører smitten vidare. La oss alle ta ansvar for å gjera smittepresset så lite som mogleg ved å:

  • Undersøka borna grundig når skulen sender ut lusevarsel (og helst jevnleg elles også). 
  • Varsla skulen når lus blir oppdaga og behandla ifølge retningslinjer. 
  • Varsla helst også næraste vener som kan vera smitta, så unngår ein forhåpentlegvis å bli smitta tilbake etter behandling. 

 

Læring med læringsbrett

På Marvik skule har alle elevane læringsbrett (iPad) som blir nytta til undervisning og heimearbeid. Teknologi og digitale ferdigheiter er ein av ferdigheitene som elevane skal meistra i følgje læreplanen. Dette er basert på forsking om kva kompetanse dagens elevar vil koma til å måtte trenga i framtida. Digitale ferdigheiter skal vera ein integrert del av opplæringa i alle fag.

Læringsbretta vil likevel ikkje fullt ut erstatta andre metodar og verktøy for læring. Læringsbretta blir nytta når det er hensiktsmessig for det elevane skal læra. Skulen vil framleis nytta blyant og papir, der det er hensiktsmessig. 

 

Medverknad og samarbeid

Forsking viser at eit godt samarbeid mellom heim og skule, der også foreldra har ei aktiv rolle, har positiv innverknad for barn og unge på en rekke område relatert til skulen. Det fører til betre læringsutbytte, betre sjølvregulering, betre trivsel, færre åtferdsproblem, mindre fråvær, gode relasjonar til medelevar og lærarar, betre arbeidsvanar, ei meir positiv haldning til skulen, betre leksevanar og arbeidsinnsats.
Elevane og SFO-barna er også viktige kjelder for skulen, som har rett til å seie si meining og å bli høyrt i alt som vedkjem dei (barnekonvensjonen art. 12).
Marvik skule ønsker å vera gode på å legge til rette for medverknad og reelt samarbeid.

Vidare er informasjon om dei ulike organa og metodane me nyttar for å samla informasjon, drøfta og å legge til rette for medverknad.  

 

Merking av tøy / attgløymde ting

På ein skule med høg aktivitet, kan ting kjapt koma bort frå eigaren. Merk difor alt av klede med namn.

Attgløymd tøy blir lagt i skapet nedst i klasseromsgongen i 1. etasje. 

 

Miljøfyrtårn

Marvik skule er miljøfyrtårnsertifisert. Det betyr at me har fokus på å blant anna redusera matsvinn, kjeldesortera, måla energiforbruk osv... 

 

Mobbing

Trivsel og vennskap er førebyggande mot mobbing. Alle elevar, lærarar og føresette har eit felles ansvar for dette i og utanfor skulen. Skulen har jamleg fokus på korleis ein kan jobba for at alle elevane opplev ein trygt og godt skulemiljø. Mobbing, diskriminering og rasisme er uakseptabelt ved Marvik skule. Ta kontakt med kontaktlærar ved mistande om uønska hedningar. 

 

Mobiltelefon

Elevane har ikkje lov til å bruka mobiltelefon på skulen. 

 

Morgonsamlingar

I løpet av skuleåret startar elevane inni mellom dagen saman på morgonsamling. Her opptrer elevane på alle trinna for kvarandre. Morgonsamlingane er med på å danne eit fellesskap, inkludering og trivsel på skulen. Me ønskjer også å gi alle elevane moglegheit til å utvikla evnene og talentane sine, individuelt samt saman med andre og at elevane lærer å gi positiv respons til kvarandre.
Me håpar å kunne dele nokon av desse morgonsamlingane med dykk som er føresette gjennom bilde og filmar i løpet av året. 

 

Nettsida
Oppdatert informasjon og kvardagshistoriar frå skulekvardagen finn de på denne nettsida. Denne vil me anbefala deg å følgja med på, for å kunne støtta eleven din i læringsreisa si, og å finne relevant og praktisk informasjon.  
Tips til korleis å få oppdateringar:
Du kan abonnere på oppdateringar som kjem på sida. Du vil då få varsel på e-post. Gå inn på sida og registrer deg for oppdateringar.
Legg til nettsida som hurtigtilgang på heim-skjermen på mobilen din.

 

Opningstider / undervisningstider

Det er "folk på huset" frå klokka 8-16.00 kvar dag. 

Undervisningstider er: 

Måndag 08.20-14.00

Tysdag 08.20-14.00

Onsdag 08.20-12.25

Torsdag 08.20-14.00

Fredag 08.20-13.35

 

Organiserte friminutt

På ein trivselsleiarskule skal elevane vera aktive og inkluderande. Mobbefrie trivselsleiarar (TL) er elevar som bidrar til eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø, gjennom organisert aktivitet i friminutta.
Fadrane i 7. klasse har eit eige ansvar for eleven i 1. som dei er fadder for. Det blir også arrangert faddertimar i løpet av skuleåret.
Det er alltid ein tilsett ute på skuleområdet i friminutta, som er tilgjengelege for elevane. 

 

Pedagogisk analyse

I skulane og barnehagane i Suldal skal ein nytte analysemodellen «Pedagogisk analyse» når ein møter på forskjellige pedagogiske utfordringar. Dette for å sikra dei mest eigna tiltaka for situasjonen. Denne modellen kan gi ein god oversikt og kan dermed gi elevar og føresette betre føresetnader for å kunna medverke.

 

Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT)

PP-tenesta er sakkyndig organ der skulane, barnehagane og føresette kan søkja hjelp og råd om forhold som har med trivsel, utvikling og opplæring å gjera. PP-tjenesten samarbeider med skulen i førebyggande og inkluderande tiltak. 

 

Refleks

Når det er mørkt, spesielt i dei mørkaste månedane november - februar, blir elevane oppmoda til å bruka refleksvest eller annan refleks på veg til/frå skulen. Dette gjelder også dersom ein ventar på skulebuss.

 

SFO

Marvik skule SFO varierer opningstidene frå skuleår til skuleår, alt etter behov. Lokale tilpassingar kallar me det. Dette skuleåret er det behov for SFO etter skuletid, og me har difor ope på ettermiddagane. Det vil seie:
Måndag: Kl. 14
Tysdag: Kl. 14
Onsdag: Kl. 12.30
Torsdag: Kl. 14
Fredag: Kl. 13.35

Borna på SFO har ulike pakkar: kortdag, langdag og ferie-SFO.
Kortdag SFO er til kl. 16.
Langdag SFO er til kl. 16.30
Ferie-SFO er eit samarbeid med barnehagen.

Ferie-SFO: Dei åra det er 3 eller færre barn på SFO i skulen sin ferie, vurderer skulen eit samarbeid med barnehagen. For nokon barn, særskilt 1. og 2. klassingane, kan dette vere eit godt tilbod for å gjera overgongen barnehage-skule mjukare. Det kan for mange skulestartarar vera eit sakn å forlata barnehagekvardagen, samt trygge og kjente relasjonar der. Skulen går i dialog med barnehagen om det pedagogiske innhaldet på ferie-SFO.
I utgangspunktet leverer føresette barnet sitt i barnehagen i skulen sine feriar, med mindre noko anna er avtalt. Skulen ønsker også å legga til rette for at barnehagen kan bruka skulen sine lokalar i feriane, om det lar seg gjera. 

 

Showbie / vekeplan

Marvik skule brukar Showbie.com som ein elektronisk læringsplatform. Her blir det lagt ut undervisningsopplegg og oppgåver. Vekeplanane blir også lagt ut her kvar veke. Der star det kva klassane arbeider med og kva elevane skal jobba med heime. Lærarane kan gi respons på oppgåver som elevane har levert inn.
I showbie kan du som er føresett få lesetilgang. Slik kan du følgje skulearbeidet til eleven heimefrå. Ta kontakt med kontaktlærar for å få tilgang. 

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ein del av det tverrfaglege samarbeidet som driv helsefremjande og førebyggande arbeid i skulen. Skulehelsetenesta gir blant anna råd i helsespørsmål, førebyggjer smittsomme sjukdomar og ved å følgje opp den enkelte sin vaksinasjonsstatus. Elevane får skriftleg innkalling til alle helseundersøkelsar og vaksinar. Skulehelsetenesta har teieplikt og gir ikkje ut personopplysningar om elevar utan samtykke frå føresette. Både elevar, føresette og lærarar kan henvende seg til helsesøster ved behov.

 

Skulemiljøutvalet SMU

Utvalet består av SU pluss elevrepresentant som blir vald av elevrådet. SMU kan blant anna:
Drøfte og definere kva som er eit godt skulemiljø
Be om tiltak for å betra forholda ved skulen
Prioritera kva tiltak som bør settast i gang
Setta mål og evaluera tiltak – og endra på desse
Følgja med på skulen sitt arbeid for helse, miljø og tryggleik
Følgja med på skulen sine planar for det sosiale miljøet og at desse blir følgt opp i praksis
Foreslå tiltak for trivsel
Gi innspel til ordensreglementet
Følgja opp resultat av brukarundersøkingar, som til dømes elevundersøkinga
Føresette kan ta initiativ til at skulen brukar Foreldreundersøkinga

 

Skulemjølk og anna drikke i skulekvardagen

Skulen legg til rette for at alle elevar skal kunne bestille drikke til skulekvardagen. Føresette bestiller sjølv via nettportalen skolelyst.no. Ved å registrere ein brukar og logga seg på kan ein sjå dei aktuelle produkta skulen tilbyr. 

 

Sjukdom

Ved sjukdom melder ein inn fråvær i Transponder. Det er fint om ein på førehand kan gi beskjed til skulen innan kl. 8 same dag. Dersom eleven ikkje kjem på skulen og det ikkje er sendt inn fråværsmelding i Transponder, blir heimen kontakta. Det er for at skulen skal forsikra seg om at det ikkje har skjedd noko på skulevegen.

 

Symjeopplæring

Symjing er ein del av kompetansemåla i kroppsøvingsfaget. Elevane ved Marvik skule reiser i løpet av året til Suldal bad og får symjeopplæring med instruktør. Det er også alltid med ein lærar som har livredningskurs. 

 

Trafikksikker skule

Marvik skule er ein trafikksikker skule. Det betyr at me har reglar og retningslinjer me følgjer for å førebygga skader og ulukker i trafikken. 

 

Transponder
I Transponder finn du:
- Meldebok
- Fråværsregistrering

Transponder er ei digital meldingsbok - for kommunikasjon mellom heim og skule. Sidan Marvik skule er ein liten skule, har rektor, lærarar og fagarbeidar tilgang til alle meldebøkene. Det er fordi me ønskjer å kunne følgje opp meldingane på best mogleg måte. Dersom det er meldingar du ikkje ønskjer skal lesast av alle, kan du alternativt sende ein melding der du ber om at den du vil ha tak i ringer deg opp. Slik kan du gi meldinga munnleg til den det gjeld.
Praktiske orienteringar melder du frå om helst dagen før, eller innan kl. 8 den dagen det gjeld. Etter kl. 8 er lærarane opptatt i undervisning og lite tilgjengeleg på mobil. Dersom det er beskjedar som hastar, kan du også ringa rektor på mobil.

Du kan logga inn i Transponder via nettlesar, eller app. App`en kan lastast ned frå IOS App Store eller Google Play Store. Logg inn med ID-porten første gang. Etter du har logga inn kan du velgje å setta passord, eller pin-kode for seinare innloggingar. 

I fråværsregistreringa kan du melde inn fråvær (sjukdom og anna). 

 

Årshjul

I løpet av året er det ein del faste aktivitetar som rullar og går. De får beskjed om dette via Transponder og Showbie (vekeplanen). I grove trekk ser årshjulet ofte slik ut: 

Haust: 

Foreldremøte
Fadderordning
Ut på tur
Brannøving på skulen
Nasjonale prøvar, 5. trinn
Prosjektveke
Refleks- og trafikkopplæring
Foreldrekonferansar / utviklingssamtalar

 

Vår: 

Elevsamtalar
Foreldrekonferansar / utviklingssamtalar
Leirskule
Karneval
Prosjektveke
Brannøving
Fadderordning
Aktivitetsdag
Kartleggingsprøvar