Marvik skule oppfordrar foreldre/foresatte til, i størst mulig grad, å benytte ferier/fridagar som er fastlagt for skuleåret. Ved søknad om permisjon for elevar frå den pliktige opplæringa skal søknadsskjema for elevpermisjon benyttast.
Opplæringsloven § 2-11: Permisjon frå den pliktige opplæringa
"Permisjon frå den pliktige opplæringa Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."