Meny
Velg seksjon 0.trinn
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Skulestart i august 
Velkommen til skulestart i august. Me ser fram til å bli kjende med både elevar og foreldra.

Før skulestart vert det gitt ein del informasjon om skulen gjennom skriv og møte.

Val av målform
På Kleppe skule er nynorsk hovudmål for elevane, jf. Opplæringslova §3-1.
Alle får tilsendt eit digitalt skjema "Val av målform - bokmål". Dersom du vil at ditt barn skal ha opplæring på nynorsk treng du ikkje gjere noko. Dersom du vil at ditt barn skal ha opplæring på bokmål må du svare på skjemaet, frist: 1.mars.

Viktige datoar:
Foreldremøte: Torsdag 06.02.25 kl. 19.00 og eit torsdag 22.05.25 kl. 19.00
Trekantsamtale mellom foreldre, kontaktlærar og ped.leiar: Måndag 26.mai, tysdag 27 mai og onsdag 28.mai 2025
Besøksdag for elevane: Tysdag 28.mai 2025
Val av målform: 1.mars, digitalt skjema
Søknadsfrist SFO: 1.mars, søk digitalt via Visma Flyt skule

Samarbeid heim og skule
Det er ein klar samanheng mellom eit godt samarbeid mellom foreldre og skulen og elevane si faglege og sosiale framgang og trivsel. Alle skulane i Klepp kommune nytter Visma Flyt skule i det daglege arbeidet med elevane og til kommunikasjon med foreldre. I Visma Flyt Skole vil informasjon frå skulen vere lett tilgjengeleg og det er enkelt å kommunisera med lærarar og andre tilsette. Systemet erstattar sms, e-post og sosiale medier som kommunikasjons- og informasjonskanal. 

Me ser fram til å treffe dykk og til eit godt samarbeid til beste for dykkar barn.

 

Vennleg helsing
Sylvia Gjersdal
Rektor
Kleppe skule


Å være foreldre kan by på mange gleder, men også bekymring og utfordringer. Det kan være vanskelig å vite hvordan man skal hjelpe barnet med å takle intenst raseri, fortvilende tap, frykt for ikke å passa inn eller glede ved nye opplevelser. Når barnet blir tenåring kan mange foreldre oppleve at det blir vanskeligere å ha tett kontakt med tenåringen. Relasjonen kan og bli utfordret på nye måter, der balansen mellom å være en tydelig og varm omsorgsgiver kan væra krevende. 

Familieeininga i Klepp tilby ulike kurs til foreldre for å styrke båndet mellom omsorgsgiver og barn/tenåring. Se under hvilke kurs som går og oppstart