Vi har som fast lekse at alle våre elevar skal lade chrombook`en sin heime.
I få tilfelle blir ladeleksa gløymt, rutinen er då at eleven arbeidar med penn og papir eller samarbeider med læringsven.
Men: ved krise har vi laga "kriseladestasjon" på forkontor.
Undervisninga er ofte lagt opp til bruk av digitale ressurser og på ungdomstrinnet er norskfaget basert på digital lærebok.
Vidare kan også prøvar vere digitale.
Difor har vi laga ei reserveløysing på forkontoret kor chrombooken er under tilsyn av administrasjonen.
Ladeledningen blir lagt slik at den ikkje er til sjenanse for reinhald eller andre.
Vi håper at dette skal kunne hjelpe i dei få tilfella vi opplever at ladeleksa ikkje er gjort.
mvh: Arvid Strand, rektor.