Kva er skulehelsetenesta?
Skulehelsetenesta
si oppgåve er å fremje barnet si helse og førebyggje sjukdom og skade. Tenesta
skal arbeide for å fremje elevenes lærings- og utviklingsmiljø og bidra til ein
helsefremmande livsstil.
Det er i hovudsak helsesyster som arbeider i skulehelsetenesta.
Helsesyster kan formidle kontakt til skulelege og henvise til og samarbeide med
andre tenester i samråd med barn og foreldre, eksempelvis psykiatrisk
sjukepleiar. Det er særs aktuelt å samarbeide med personalet i skulen,
slik at skulekvardagen for eleven blir best mogleg.
Kva kan skulehelsetenesta hjelpe til
med?
- Sosiale
eller psykiske vansker; mobbing, mistrivsel, tristhet, uro/angst etc.
- Fysiske
plager; kartlegge når ein bør kontakte lege
- Vekst og utvikling; måle høgde /vekt
og vurdere fysisk og psykisk utvikling, spørsmål og vanskar kring pubertet
- Syn og hørsel; syn- og hørselstest
- Støttesamtale med barnet; når
han/ho møter utfordringar; samlivsbrot, tap, sorg og sjukdom etc
- Korleis være gode foreldre når
ein møter utfordringar; samlivsbrot, tap, sorg eller sjukdom, stadige
konfliktar kring daglege rutinar eller gjeremål etc.
Helsesyster har undervisning, helserettleiing i
elevgrupper, og deltek på enkelte foreldremøte. I tillegg blir det føreteke
rutineundersøkingar og vaksinasjon etter nasjonale anbefalingar.
Til elevar:
Er det noko du har lyst til å snakke med ein vaksen om, eller noko du treng
hjelp og støtte til å finne ut av, så kom innom. Eg har teieplikt! Du kan få
hjelp av ein vaksen heime, eller ein av lærarane til å avtale tid med meg,
eller du kan bare banke på døra mi. Velkomen!
Til føresette:
Er de bekymra for barnet dykkar si fysiske/psykiske helse eller trivsel, er eg
tilgjengeleg for samtale både med dykk og/eller eleven. Av og til hjelper det å
bare ”lufte” situasjonen, andre gongar kan det vera hensiktsmessig å henvise
vidare.
De
er hjarteleg velkomne til å ta kontakt!