Hei, som dei fleste forhåpentligvis har fått med seg så held skulen stengt i to veker, men det er viktig å presisere at elevane ikkje dermed har fri. Det vil seie at i morgon fredag blir det litt meir fri, sidan det må planleggast litt rundt organisering av skuledagane framover. Dei har eit kåseri som skal inn i norsk, samt eg skal ha inn ei mattelekse. Så er det lov å bruke elevane til hjelp heime, dei fleste har tre timar med "Innsats for andre".
Måndag klokken 08.15 skal alle elevane logge seg inn på ein videochat der eg går litt gjennom opplegg og kva dei skal gjere framover. Informasjon til elevane vil gå gjennom Classroom, så det er viktig å seie til dei at dei må inn å sjekke Classroom kvar morgon. Så skal eg gjere mitt beste for å gje dei den undervisninga dei har krav på samtidig som eg tek meg av mine eigne.
Lærarane som har dei ulike elevane til bestemte tider har eit ansvar for å vere tilgjengelege om det skal vere noko. Samt at det er naturleg å ta kontakt med meg også om det er noko. Eg håpar og trur dette skal gå bra, men snakk gjerne litt med dei om at desse to vekene ikkje er fri. Eg fekk eit inntrykk av at nokon tenkte dette på skulen i dag.
Mvh. Peter