Kulturveke
I forrige veke hadde 1. til 4. klasse kulturveke med fokus på lokal historie.
Publisert: 18.06.2024 10:07 Sist endra: aldri Forfattar: Stine Berge Levik
I forrige veke hadde 1. til 4. klasse kulturveke. Me gjekk tur til sjøhuset i Bergevik. Der fekk elevane gå inn og høyra forteljing om sjøhuset, og om folk som har budd der. På stranda var det mykje god leik. Seinare i veka har me også leika tradisjonelle leikar, som t.d. siste par ut, og jeppa pinne. På biblioteket fekk elevane sjå ei gamal altertavle, og høyre historia om kvifor ho ikkje endte opp i Lysebotn likevel.