Alle barneskular (1. - 7. klasse) i Sandnes er med på "Beat the street" spelet. Hjelp Forsand skule med å samle poeng og vinne tur til Kongeparken!
Kva er "Beat the street"? Beat the street er eit pilotprosjekt, og Sandnes kommune er den fyrste kommunen i landet som er med på spelet. Det er tidligere, både verdsmeister og olympisk meister, Gunn-Rita Dahle Flesjå, og ektemannen, Kenneth Flesjå som står i bresjen for "Beat the street". "Beat the street" er eit digitalt spel der barn, og deira familie, skal vere aktive i nærmiljøet. Elevane får utdelt brikker og kort som skal brukast som registrering på "Beat box" som er hengt opp rundt i Forsand "sentrum". Det vil bli gitt med eit kart slik at de kan sjå og finne ut kor det heng boksar.
Sjølvsagt kan de også samle poeng når de er andre plassar i Sandnes kommune. Ta med brikke og kort når de er på handletur i Sandnes, eller ver med på Høletråkken 29. september. Høletråkken skal passere alle "Beat Box" som er sett opp der. I kartet som blir delt ut vil de også finne markeringar for kor "Beat Box" er sett opp i heile Sandnes kommune.
Kor lenge varer "Beat the street"? "Beat the street" går over ein 6 veker periode, fram til 31. oktober.
Kvifor samle poeng? Vi vil vinne og vi vil vere aktive, og 1. premie er tur til Kongeparken for 1. til 7. klasse. For å samle poeng må ein registrere minimum 2 "Beat Box" på ein time. Ein kan velge om ein vil sykle, sparke, gå eller springe til dei ulike boksane. Det viktige er at borna er aktive. Det er nokre boksar som ein kan få fleire poeng for. Her hjå oss er boksen med meir poeng sett opp på stien opp til "Den kvite mannen". (Ikkje heilt oppe, men på veg opp).
For registrering og meir informasjon, trykk her.
Det er føresette som må hjelpe og registrere. "Beat the street" startar 18. september, men de kan registrere dykk allereie når ditt born har motteke brikke (til eleven) og kort (til familiemedlemmar).
Anbefalar også at de trykkjer LIK på facebooksida "Beat the street Sandnes"
Lykke til med poengsamling!