Eg er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i
spesialpedagogikkog er på skulen i denne tida:
Måndag: 08.15 – 15.30
Tysdag: 08.15 – 15.30
Torsdag: 08.15 – 14.00
Fredag: 08.15 – 13.00
Eg kan treffast på telefon 51700201
(skulekontor). Om eg er opptatt vil eg ringe opp så snart eg får tid. E-post: kpe@forsand.kommune.no
Til elevar:
Eg er her for deg!
Treng du nokon som har ekstra tid til å lytte til deg,
sjå deg, hjelpe og støtte deg til å få ein betre
kvardag kan me avtale ei tid. For å kontakte meg kan du
få hjelp av ein vaksen heime eller ein vaksen på skulen.
Barn og unge har mange tankar om mykje, og det er
aldri noko som er for dumt å snakke om. Målet er at alle skal ha det
bra på skulen, og om eg kan hjelpe deg med dette så vil eg gjerne det!
Til føresette:
Som sosiallærar kan eg vere med å hjelpe og styrke i ulike
utfordringar barn og unge kan ha. Døme på dette kan vera å styrke den sosiale
kompetansen, sjølvbilete/sjølvkjensla, strategiar for sinne/aggresjon og andre
ting barn og unge kan møte av utfordringar i kvardagen.
Eg er og instruktør for
Olweus her på skulen. Det vil sei at
eg vil kunne hjelpe om det er spørsmål om mobbing og korleis ein går fram i
høve til dette.