19. november inviterer
Samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling i Stavanger alle
grunnskulane i Rogaland til fagdag om fagfornyinga. Fagdagen er for inntil 4
deltakarar frå kvar skule og dei som skal representera er elvrepresentantar,
tillitsvald og rektor.
Leiarane i
elevråda blir naturlege representantar frå Sand skule, altså Henriette frå
ungdomstrinnet og Vlada frå barnetrinnet, i tillegg til Ingrid Nafstad Lyftingsmo (tillitsvald) og Jorunn Hoås (rektor).
Me skal i førekant drøfta
fagfornyinga på eigen skule. Dette trur eg blir ein spennande dag å vera med på!
Målet med samlinga er å få meir kunnskap, entusiasme og motivasjon til arbeidet med fagfornyinga.