13 spreke ungdomsskuleelevar valde å ta ein fjordbad som del av førjulsaktivitetane ved Sand skule. Sprekt!
I lett yr, snublande i okladjup snø, tusla 13 spreke elevar frå 8. og 10.klasse ned til Jovika for å ta årets siste (?) bad i fjorden. Det var flo og god stemning. Alle som ein heiv seg uti og kan no gå inn i julaferien med ei god, varm kjensle.