Grunna den nasjonale kraftsituasjonen og energikrisa i Europa, tek Time kommune grep for å halde kommunen sitt eige energiforbruk nede.
Eit av tiltaka er senking av temperaturen i kontorbygg, idrettshallar, skular og barnehagar.
Det vil verta individuelle tilpassingar, men jamt over vil temperaturen i klasserom og andre opphaldsrom senkast frå 22 til 20°C.
I barnehagar vert det differensiert på rom for småbarn og eldre barn. Temperaturen skal ikkje ned på småbarnsavdelingar. Der det er praktisk mogleg vil temperaturen igangareal bli redusert noko meir.
Sjølv om temperaturen vert redusert, skal den framleis vera i tråd med Helsedirektoratet sine anbefalingar for temperatur i opphaldsrom for skule og barnehagar.
Anbefalinga er at temperaturen bør ligga på 20-24°C gradar om vinteren.
Barn er forskjellige og nokon frys lettare enn andre. For å sikra at ditt barn ikkje blir kaldt, anbefaler me å ha med ekstra klede på skulen/i barnehagen i tida framover, slik at barnet har moglegheita til å kle på seg ved behov.
Me minner også om at alle bør ha innesko/tøflar.
Me kjem til å snakka med elevane/barna om dette på skulen/i barnehagen, men det er flott om de også tek ein prat med eigne barn om viktigheita av å ha på seg nok klede for ikkje å frysa.
Arbeidet med å senka temperaturen i skular og barnehagar startar måndag 24. oktober.
Du kan lesa meir om andre tiltak som Time kommune gjer for å spara straum på kommunen si nettside:
Grep for straumsparing