Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Hovedadresse Kråvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51776510 Send e-post til oss
Postadresse: Time Kommune Postboks38 4349 Bryne
Redaktør: Karen Helene Seppola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til Frøyland skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, samarbeidsutval, SFO og skulehelsetenesta. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Vil du vera med å gjera ein forskjell for barn i kvardagen? 
Er du fagarbeidar, miljøveileder,  eller har anna barnefagleg kompetanse og ønsker å jobbe med ungar i aldersgruppa 6-13 år?  
På Frøyland skule treng me nokre gode nye medarbeidarar frå august 2025.  
I jobben får du samarbeide med kjekke vaksne både i skule og SFO. Du får og jobba med 360 flotte ungar i ulike aldersgrupper. På laget vårt har me ca. 33 lærarar og 14 fagarbeidarar/ miljøveiledarar.  
Hos oss er vi opptatt av at ungane skal oppleve tilhøyre, inkludering og meistring i kvardagen. Me vil ha vaksne som har hjarte for ungane, er engasjerte og profesjonelle i arbeidet.  
I skulen vil jobben mellom anna vera å støtta og rettleia elevar i sosial - og fagleg læring, og hjelpe dei som treng det med praktiske oppgåver. Ei av stillingane vil vera knytt til eit miljøteam som skal etablera skuleåret 25-26. Her vil hovudfokuset vera på skulemiljøet til elevane og ein vil jobbe både førebyggande og operativt på gruppe og individnivå.  
I SFO får du vera med på å gje ungane eit variert og spennande fritidstilbod, legge til rette for leik og sosial samhandling og gode relasjonar.  
Skulen ligg fint til ved Frøylandsvatnet, me har gode leikeareal og undervisningsareal både ute og inne. På SFO har me eigen restaurant og kokk der elevane får mat kvar dag. 
Me har 3 ledige stillingar på 80-85% og 2 stillingar på 40% som barnerettleiar i SFO. Stillingane er faste.  
Stillingsannonsen finn du på Time kommune si heimeside: Ledige stillingar 
Eller på Finn.no, referansenummer 4944039144 
 

Frøyland skule deltok i vinter i ein nasjonal skrivekonkurranse arrangert av ungdomsavisa “Framtida junior”. Tema for konkurransen var framtida. Elevane kunne velja i ulike undertema som klima og miljø, transport, arbeid og skule.   

Elevane på 7.trinn jobba godt og grundig med oppgåvene og det blei mange flotte fortellingar. Trinnet sin gode innsats gjorde at dei vart med heilt til finaleklassen.  

Ein av elevane våre, Emma Trædal Hovde, vann konkurransen med teksten “Kan du tenkja deg ei verd utan natur?”  

Frøyland skule er stolt over innsatsen elevane på 7.trinn har lagt ned i arbeidet med skrivinga, og det er veldig kjekt at me får ein vinnar hos oss.  

Saka er og omtala i Jærbladet.  

Neste uke skal elevene på Frøyland skule fordype seg i kystkultur, klima og miljø. Noen elever fra 7. trinn reiser til kystbyen Donquerke i Frankrike, hvor de skal gå på skole med franske jevnaldrende og bo hos vertsfamilier. Der får de oppleve fransk språk, kultur og hverdagsliv på nært hold.

Alle elevene, uansett hvor de befinner seg, deltar i det felles temaet «Teens on the Shore», hvor fokuset vil være å utvikle kulturforståelse, øke miljøbevissthet og styrke samarbeidsevner.

For elevene som blir igjen på Jæren, blir det en uke fylt med spennende aktiviteter knyttet til vår egen kystkultur. Med fokus på havet som ressurs, bærekraft og miljøvern, vil vi blant annet utforske Jærens kystlandskap gjennom praktiske oppgaver og samarbeid på tvers av trinnene.

Gjennom «Teens on the Shore» ønsker vi å:

· Utforske kystkulturer – sammenligne ulike kystsamfunn og utvikle respekt for egne og andres tradisjoner.
· Øke miljøbevisstheten – lære om klima, bærekraft og biologisk mangfold for å forstå hvordan vi kan ta bedre vare på havet og miljøet.
· Forbedre språkferdigheter – bruke engelsk aktivt, se filmer på originalspråk og erfare hvordan språk bygger broer mellom kulturer.
· Styrke verdier som solidaritet og demokrati – reflektere over samarbeid, respekt og fellesskap i en verden i stadig endring.

Vi ønsker at alle elever får en lærerik og inspirerende uke, enten de er i Frankrike eller her hjemme. Gjennom opplevelser, utforskning og samarbeid håper vi at de vil tilegne seg verdifulle erfaringer både faglig og personlig.

Vi ser frem til en spennende uke og ønsker elevene og lærerne som skal reise en riktig god tur!

Det nærmar seg tida for året sin Olweusundersøking.

I lenkesamlinga til høgre her på forsida og på sidene til 4-7.trinn, finn de informasjon om undersøkinga.

 


Minnar om at søknadsfristen til SFO er 1.mars for nye søkarar. 

Samefolkets dag blir feira 6.februar kvart år. Denne dagen vart vedteken av Samekonferansen i 1992, og er felles for alle samar i Noreg, Finland, Sverige og Russland. Datoen 6. februar vart vald til minne om det første samiske landsmøtet som vart halde i Trondheim i 1917. Dette møtet var historisk viktig fordi det var første gong nord- og sørsamar frå forskjellige land samla seg for å diskutere felles saker og utfordringar.  

 

Når ein feirar samefolkets dag, eller samane sin nasjonaldag, er det vanleg å gratulera kvarandre med dagen. Dette gjer ein ved å seie:  

  • «Lihkku sámi álbmotbeivviin» på nordsamisk 

  • «Læhkoe saemiej åålmegebiejjine» på sørsamisk. 

  • «Vuorbbe sáme álmmukbiejvijn» på lulesamisk. 

  • «Vuärrbe sáme älbmukbejvijn» på pitesamisk 

  • «Šiõǥǥ saa'mi meersažpeei´v» på skoltesamisk. 

  • «Lihkuos sämij ålmagenbiejvieb» på umesamisk 

 



Ved Frøyland skule har me 2 hjartesonar der det er lagt til rette for at føresette i bil skal kunne setja av og hente elevar på ein trafikksikker måte.  

Den eine hjartesona er på parkeringsplassen ved Kvernelandsvegen (ved Frøylandsvatnet).

Den andre sona finn ein om ein køyrer inn Brekkevegen.

Skulen har fått informasjon om at nokre føresette set av elevar ved pumpehuset som ligg ved skulegjerdet og ein liten gangsti ved Kvernelandsvegen.

Dette skapar ein del farlege trafikksituasjonar.  

Me oppmodar alle føresette som skal køyre eller henta elevane i bil til å bruka dei etablerte hjartesonene for trygg av- og på stiging.