Skulehelsetenesta er eit helsetilbod på skulen for born og unge.
Vi skal vera lett tilgjengelig for elevar, foreldre/føresette og skulen sitt personale.
Foreldre kan kontakte skulehelsetenesta sikkert og enkelt på helsenorge.no.
Helsesjukepleiar Maren Hegreberg er på skulen:
Mandag og Tirsdag i skuletida.
Ta kontakt hvis de ønskjer å snakke om:
Personlege utfordringar eller
bekymringar i forhold til heim, skule eller venner.
Syn/hørsel/vekt/lengde
Kost
Psykisk helse
Sorg
Bekymring for andre
Kroppslege utfordringar
Anna
Vaksne og
born kan kontakte helsesjukepleiar ved å:
stikke innom kontoret på skulen i
administrasjonsfløy
sende mail til maren.hegreberg@stavanger.kommune.no
ringe på telefon til skulen 51 50 83 72
sende innbyggerdialog i Helse Norge
Skulehelsetenesta arbeider for å hjelpa born og unge til å ta vare på eiga helse, og å klare utfordringar som kvardagen gir. Vi tilbyr helsesamtaler, vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet, gir råd og rettleiing, underviser om ulike tema i klassar og grupper, og vi kan komme på heimebesøk. Jo tidligere vi blir kjent med det som er utfordrande for born og unge, jo lettare kan vi hjelpe.
Skulehelsetenesta består av helsesjukepleier, lege, fysioterapeut, ergoterapeut, psykiatrisk sjukepleiar og psykolog. Det er helsesjukepleiar som utfører dei fleste oppgåvene i skulehelsetenesta. Helsesjukepleiar har sjukepleiarutdanning med vidareutdanning i helsefremmande og førebyggande arbeid for born og unge.
Nede på denne sida finn du mange nyttige lenker for elever og foreldre/føresette.
Ta gjerne kontakt!