Skulehelsetenesta er ei
forlenging av det førebyggande og helsefremmande arbeidet i spe- og
småbarnsalderen. I skulehelsetenesta arbeider helsesyster og skulelege.
Skulehelsetenesta skal i følgje
forskrift FOR-2003-04-03-450 fremma barnet si helse og førebyggje sjukdom og
skade. Skulehelsetenesta skal arbeida for å fremma elevane sitt lærings- og
utviklingsmiljø, samt bidra til ein helsefremmande livsstil.
Dei unge sine helseproblem er ikkje lenger dominert
av kroppslege sjukdomar og feil. Dei artar seg ofte meir som vanskar i forhold
til venner, familie, skulen og samfunnet. For at dette skal lukkast og koma den
enkelte eleven best mogleg til gode, er me som arbeider i skulehelsetenesta
avhengig av eit godt samarbeid med eleven, foreldra og skulen.
Skulehelsetenesta har tverrfagleg samarbeid med PPT, skulen, barnevern,
fastlege og andre ved behov.
Tenesta
er eit tilbod til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gjev råd og
veiledning, gjennomfører helseundersøkingar, vaksinasjonar og kan når det er
behov for det henvise vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege og
spesialist. Snakk med lærar/helsesyster/skulelege om der er
helse/trivselaproblem som kan ha innverknad på eleven sin skulesituasjon.
Det
vert oppretta journal på alle barn som får tilbod om konsultasjonar og
helseundersøkingar ved helsestasjonen (jmf forskrift om pasientjournal). Gje
oss beskjed dersom de flyttar, me sender då journalen til den nye skulehelsetenesta.
Foreldre/føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysingar
som omhandlar barnet. Når barnet er mellom 12 og 16 år skal opplysingane ikkje
gjevast til foreldra eller andre med foreldreansvaret når barnet av grunner som
bør respekteres, ikke ønsker dette. Informasjon som er nødvendig for å oppfylla
foreldreansvaret, skal likevel gjevast til foreldre eller andre med
foreldreansvaret når barnet er under 18 år (jmf pasient og
brukerrettighetsloven §3-4).
Ved
akutte skadar/sjukdomar og kroniske sjukdomar må fastlege kontaktast. Skulehelsetenesta
sitt personale har taushetsplikt og tenesta er gratis.