Skuleåret 2024-2025 har Sviland
skule 128 elevar, fordelt på 12 klassar – klassane på 2.-7. trinn er delt inn
i nynorsk og bokmål.
Skulen har nynorsk som målføre og det er 32 tilsette på
skulen.
Strategien «Alle elevane er våre» i Sandnes kommune
skaper rammene for vår eiga satsing.
Hovudmålet til kommunen er å auka elevanes
læringsutbytte gjennom å
- Vidareutvikla kvaliteten i tilpassa opplæring på kvar
enkelt skule
- Utvikla profesjonalitet og kollektiv kapasitet hos
alle tilsette
- Auka profesjonalitet og kapasitet til leiare og
støttesystem gjennom kollektive utviklingsprosesser for skuleleiare,
SFO-leiare, PPT og hovudtillitsvalde i lærarorganisasjonane
- Auka kapasiteten til støttesystem i Sandnesskolen
gjennom kollektivt utviklingsarbeid og gode strukturer for samarbeid.
På Sviland skule har me utvikla ein visjon for å gi
oss ei rettesnor i vårt daglege arbeid:
Saman om læring og glede!
I tilknyting til visjonen arbeider me systematisk med
haldningsarbeid og trener på sosiale ferdigheiter og eigenskapar. Me ynskjer
eit trygt og godt skulemiljø som fremmer og aukar elevanes læringsutbytte.
På Sviland skule
- Er alle elevane våre
- Legger me til rette for tilpassa undervisning slik at
alle elevane kan oppleve framgang og mestring.
- Jobbar me ut i frå prinsippa om vurdering for læring,
slik at alle elevane skal vite kva dei skal lære, og korleis dei skal kome seg
dit.
- Jobbar me systematisk for å sørge for tydelig
klasseleiing og eit optimalt læringsmiljø for våre elevar.
- Har me tett kontakt med føresette, sidan me er saman
om læring og glede!