I dag var me og fleire klassar med på markeringa av frigjeringsdagen 8.mai. Me fekk høyre tale frå ein kaptein i HV-16 som bad oss minnest dei som har ofra mykje både under førre verdskrig, men også i operasjonar i utlandet etter det. Deretter vart det lagt ned krans på minnesmerket ved Lundbrygga.