Meny
Velg seksjon Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Opning av nybygg og aksjonskveld

Onsdag 30. oktober hadde Orre skule offisiell opning av det nyoppussa 79-bygget, som tidlegare var ungdomsskule. I tillegg hadde vi aksjonskveld for eit barnehjem og ein skule i Ghana. Vi fekk storfint besøk av mellom anna Klepps ordførar og kommunedirektør. 

Ettermiddagen vart opna med at alle elevane song Orresangen for føresette og gjester. Etter dette heldt rektor Kenth Magne ein tale, som vart følgt av ein dans framført av elevar på 4. trinn. Ordførar Kjetil Maudal heldt ein tale om prosessen med oppussinga og kor godt dette blir for skulen. Orre skulekorps framførte to stykke, før kommunedirektør Torild Lende Fjermestad heldt ein kort tale og gav skulen eit gavekort til utstyr for sløydsalen.

Fellesamlinga i skulegarden vart avslutta med ein dans framført av 7. trinn, før alle gjekk ned til 79-bygget for den offisielle opninga og klipping av snor. Andre kjende gjester som òg var til stades var skulesjef Vigdis Vatne, kommunalsjef for barn og unge Silje Nygård, og Askild Malmin, prosjektledar for 79-bygget.

Etter dette starta aksjonskvelden for Ane Skadsem sitt arbeid i Ghana med eit barnehjem og ein skule. Elevane hadde tidlegare sprunge i Salteskogen for å samle inn pengar. Dette, i tillegg til aksjonskvelden, med blant anna kafé og sal av aktivitetar, samla inn over 26.000 kroner(!) til barnehjemmet og skulen.

Kvelden vart ein stor suksess for born, vaksne, gjester og tilsette.

 

Main Image
Bilete 1 av 21