Måndag hadde Orre skule Back to school party, med kor, tale, grilling, lek og god tid til å bli kjend med andre.
Etter mykje regn i august kikka endeleg sola fram og skulegarden vart fylt med barn som song og føresette stilte engasjert som publikum. Rektor, Kenth Magne, heldt ein tale, før elevar og føresette spreidde ut over skuleområdet med opptend grill, pølser og *marshmallows for å ha det kjekt saman og slå av ein prat.