Meny
Velg seksjon SFO
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov.  
I Time er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt Skole som gjeld frå 15. august 2024.

Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke: 

1.Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  

2.Samtykke til å vera med på bilete teke av skulefotograf 

3.Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter 20. august.

Dette skuleåret får vi besøk av skulefotograf i starten av september. De vil få meir informasjon om dette etter kvart.

Det blir teke bilete av kvar elev, klassebilete og det blir laga skulekatalog der alle elevane er med.

Hognestad skule ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg.

De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.  


 "Visma Flyt Skole" er vårt skuleadministrasjonsprogram. Løysinga digitaliserar fleire prosessar som er knytte til lærarane og elevane sin skulekvardag. 

De som føresette må laste ned appen Min skole foresatt. I appen kan de senda meldingar, melda om fråver, sjå vurderingar, ha kontakt med SFO.

I Foresattportalen som de finn lenke til på heimesida til skulen kan de logge dykk inn og søke om permisjonar og søke/endringar SFO.

Viser til Informasjonsvideoen. (til informasjon så har vi ikkje timeplan i appen eller søknadar om skulebyte og skuleskyss som vist)

De finn informasjonshefter under Meny (venstre side) her på heimesida og under Ting ein ofte lurer på og Visma flyt skole


Foreldre til barn i 1.- 4. klasse med samla inntekt under kr. 612 333,- har rett til å søka om redusert foreldrebetaling. 


Foreldrebetaling skal utgjera maks 6% av husstanden si samla inntekt for ein fulltidsplass i SFO. 

Ein får ikkje automatisk lågare pris på SFO om ein har låg inntekt, foreldre må sjølv søka om å få redusert pris. Ein søker om redusert pris via Visma flyt skule under «søknader».  

Vedtak om reduksjon gjeld for eitt skuleår om gongen.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadsstidspunktet, og ut skuleåret. 

Time kommune har ikkje ordning for søskenmoderasjon i SFO.



I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO.

For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO.

Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”. 

Oppseiingstid for tilbod i SFO er 2 månadar.

Ein må seie opp innan den 1. dagen i månaden 2 månadar før ein vil at oppseiinga skal gjelda.  
For oppseiing på slutten av skuleåret gjeld det at om ein seier opp plassen ved SFO etter 1. mars, må ein betala for tilbodet ut skuleåret, dvs. til og med juni.  

Om ein ikkje vil behalde plassen i august, må ein seia opp tilbodet innan 1. mai.  
Ved oppseiing etter 1. mai, må ein betala for tilbodet i august.  

Om de allereie no veit at de ikkje vil ha tilbod ved SFO i august 2024 set me stor pris på at de melder frå. Dette gjer det enklare å planlegge bemanninga og bruk av ressursar, og slik kan me gje ungane eit best mogleg tilbod.  



Informasjon til føresette om gratis kjernetid i SFO  

Elevane på 1. og 2. trinn får gratis kjernetid i SFO.  I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. og 2. trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.   

Frå august 2024 vil tilbodet om gratis kjernetid og gjelda elevar på 3. trinn. Dei same prisane som no gjeld for 1.-2. trinn, vil då og gjelda dei.  
Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg. 


 

 

Åpningstider: 07:15-08.25 (Frokost til 07.45) og frå skuleslutt til 16:00. 

 

 

Kontaktinfo

Tove-Elin Gudmestad, SFO leiar       
E-post: tove-elin.gudmestad@time.kommune.no  
Telefon: 99383535

Telefon SFO: 99126724

Betalingssatsar: Nye frå 01.01.24.

2 dagar   1330 kr. Gratis for 1. og 2.klasse. Matpengar 100 kr. 

3 dagar   2000 kr. Gratis for 1. og 2.klasse.  Matpengar 140 kr.

4 dagar   2660 kr. 660 kr for 1. og 2.klasse. Matpengar 190 kr.

5 dagar    3340 kr. 1330 kr for 1. og 2.klasse. Matpengar 230 kr. 

Kjøp av ekstra dag: 295 kr. 



No er mørketida her. Då er det ekstra viktig med refleksvest, refleksar og lys på syklane. Bruk refleksvest sjølv om du går på gangsti.