Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit helsetilbod på skulen for born og unge. 
Vi skal vera lett tilgjengelig for elevar, foreldre/føresette og skulen sitt personale.

Foreldre kan kontakte skulehelsetenesta sikkert og enkelt på helsenorge.no.  

Skulehelsetenesta arbeider for å hjelpa born og unge til å ta vare på eiga helse, og å klare utfordringar som kvardagen gir. Vi tilbyr helsesamtaler, vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet, gir råd og rettleiing, underviser om ulike tema i klassar og grupper, og vi kan komme på heimebesøk. Jo tidligere vi blir kjent med det som er utfordrande for born og unge, jo lettare kan vi hjelpe.

Skulehelsetenesta består av helsesjukepleier, lege, fysioterapeut, ergoterapeut, psykiatrisk sjukepleiar og psykolog. Det er helsesjukepleiar som utfører dei fleste oppgåvene i skulehelsetenesta. Helsesjukepleiar har sjukepleiarutdanning med vidareutdanning i helsefremmande og førebyggande arbeid for born og unge.

Nede på denne sida finn du mange nyttige lenker for elever og foreldre/føresette.
Ta gjerne kontakt!