Publisert: 13. november 2024 | Sist endret: 13. november 2024 | Forfatter: Mette Lise Bakka

Bli med på konkurranse!

Me gjentek suksessen! Bruk fantasien lag ei peparkake «gamer», «Harry Potter universet», bonde, kunstnar, rekneskapsførar, kommunearbeidar, kvinne, mann, barn, kjendis, her er det berre fantasien som sett grenser. Pynt peparkaka med f. eks melis i fleire fargar, kanskje sukkertøy, eller andre ting som framhevar peparkaka di, dette er ein hyggjeleg heimeaktivitet som kan gjerast åleine, eller
saman med venner og familie.

Me ønskjer at du lagar innbyggaren i stor storleik: max høgde ca 30 cm. (maks storleik og lengda på eit steikjebrett) Pepperkake-innbyggaren skal me henge opp på utstilling så det er viktige at du lagar ei solid og bra peparkake og eit sterkt hol, slik at me enkelt kan henge opp peparkaka etter medium tråd.

Treng du ein peparkake-mal (A3 ark) kan du hente på innbyggjartorget eller på biblioteket, du kan også bruke eigne former, eller designe din eigen peparkake innbyggjar.
Alle som deltek kan senda inn ei peparkake innbyggjar pr. person.

Lever peparkakeinnbyggaren din til innbyggartorget seinast
mondag 25. november eller innan laurdag 23. november
på Biblioteket og bli med i konkurransen.

Premiane er:
               1. Hovudpremie
               2. Premie (Vaksne over 18 år og oppover)
               3. Premie (Ungdommar 14 - 18 år)
               4. Premie (10 - 13 år)
               5. Premie (6 - 9 år)
               6. Premie (1 - 5 år)

Juryen vil kunngjere kven som har vunne
innan 1. desember på Facebook judaberginnbyggertorg,
Sølvberget bibliotek avdeling Finnøy og Finnøy frivilligsentral.
Peparkake innbyggarane vil vi henge oppe på
innbyggartorget og biblioteket frå 1. advendt fram til og med jul.

Arr.: Innbyggartorget, Biblioteket og Frivilligsentralen