Privastiskeksamen framandspråk

For elevar som har eit anna morsmål enn norsk og vil gå på eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogamma, anbefaler me å ta privatist-eksamen i løpet av hausten i 10.klasse. Eleven må kunne både snakke og skrive språket, då det er snakk om både ein munnleg 30-minutters eksamen og ein skriftleg fem-timers eksamen. Det koster om lag kr. 1.400,- pr. eksamen. Ei kan melde seg opp i perioden 1.-15. september og 15.-31. januar. Eksamen i mot slutten av semesteret.

Fordelen med å ta dette, er at ein då slepp å ha tysk/spansk i den vidaregåande skulen. Du er ferdig med fremmedspråk når du har hatt dette. Me anbefaler å ta nivå 3, då du ikkje bare for godskrive det obligatoriske framandspråkfaget, men òg eit programfag.

Les meir her:

Lenke til info frå Rogaland fylkeskommune

Lenke til info frå Utdanningsdirektoratet (Udir)

Lenke til tidlegare eksamensoppgåver (passord er Eksamen)

Lenke til fagkoder

Snakk med rådgjevar Knutzen om du treng hjelp.