Publisert: 12. november 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim
Vekeinformasjon v. 47-48
Ska me dansa
Me er i full gang med å øva på swing og salsa, og elevane begynner å få inn takta og læra seg trinna. Det blir finale onsdag 16. desember kl 18.00 i Vardheihallen. Føresette er velkomne til å koma og sjå. Elevane kan velga om dei vil vera med og dansa eller om dei vil vera publikum. Kvelden er obligatorisk for elevane, og elevane vil få avspasering måndag 21. Desember.
Hei verden
På måndag er det kick off for solidaitetsprosjektet til BUS. Me samlar inn pengar til Hei verden. Dette året skal elevane ha “Jobb ein dag”, der elevane skal jobba i ein bedrift eller heime. Minsteprisen for arbeidet er 350 kr. Elevane får utdelt informasjonsark på måndag om dette.
Erling sin lesekonkurranse
Elevane les masse og er ivrige i konkurransen. Tysdag 24. november kl 17-21 arrangerer lærarane ein lesekveld for elevane. Elevar som er med på dette vil få avspasera tysdag 22. desember. Ønskjer ein ikkje å vera med på lesekvelden, vil det vera skule for dei som ikkje er med. Informasjon om lesekvelden kjem!
Vaksinasjon
Det blir vaksinering for dei som ønskjer det torsdag 19. November. Informasjon om dette er allereie blitt sendt ut.