Publisert: 18. oktober 2026 | Sist endra: 18. oktober 2026 | Forfatter: Morten Erga Finsberg
Informasjon veke 43 - 44
Leseprosjekt
Erling Braut Haaland har utfordra alle elevane til å lesa mykje i ein konkurranse, der premien er tur til Oslo på landskamp. Informasjon til foreldra og reglar for konkurransen kjem i eit eige skriv. Me legg til rette for lesing på skulen, men me oppfordrar elevane til å lesa mykje heime i tillegg. Me håper føresette og vil vera med å motivera elevane til å lesa, og då er beste oppskrifta for det å lesa sjølv og hjelpa elevane med å låna spennande bøker.
Elev- og utviklingssamtale
Kontaktlærarane har starta med elevsamtalar, og det er sett av tid til å ha utviklingssamtalane i veke 45-48. Innkalling vil bli sendt ut.
Helsing oss på 8.trinn