Publisert: 11. september 2026 | Sist endra: 11. september 2026 | Forfatter: Morten Erga Finsberg

Informasjon veke 38-39

Foreldremøte 09.09 
Takk for eit fint foreldremøte! For dykk som ikkje hadde høve til å komme ligg det eit referat på heimesida. Foreldrekontaktane har mellom anna samla inn vakter både til natteramn og til vinterballet i januar. 

Studentar 
Dei neste tre vekene skal vi få besøk av lærarstudentar. Dei heiter Tomine, Emilie, Renas og Jan. Dei skal ha praksis hos oss og vil vere til stades og gjennomføra noko undervisning på trinnet. 

Klassetrivselsundersøking 
Dei neste vekene skal elevane få ei spørjeundersøking om korleis dei har det på skulen. Denne er veldig kort og enkel, men vil gi oss ei peikepinn på korleis dei har det. Det er viktig at dei svarer ærleg på dette. 

Nasjonale prøvar 
No har alle klassane gjennomført dei nasjonale prøvene. Dei som ikkje har fått gjennomført vil ta prøva i løpet av neste veke. Dette er viktig informasjon for oss, og vi ønskjer at så mange som mogleg skal gjennomføre.