Publisert: 11. september 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Vekeinformasjon v. 38-39

Foreldremøte 
Det blir foreldremøte tysdag 15. september kl 18-19 i aulaen. Sjå eiga innkalling på vekeplanen. Tidlegare blei det informert at Sterk og klar skulle koma, men dette møtet skal vera 6. januar. 
 
Energidag med Lyse 
Me har søkt om å få vera med på Lyse sine energidagar. Skulen fekk kun plass til 2 klassar, og etter trekking får 10A og 10D reisa på denne turen onsdag 16. september. Elevane tar tog inn til Sandnes, før dei skal gå til ein transformatorstasjon og læra om kraft og energi. Dei tek vidare buss til Sviland. 
 
Fagsafari 
Torsdag 17. september skal 40 elevar reisa til Sandnes på fagsafari. Her har interesserte elevar meld seg på. Dei vil møte fagdemonstrasjonar og info frå mange ulike yrker og bransjar innan yrkesfag. I den vidaregåande skulen er det 10 yrkesfag å velje mellom. 
 
Utdanningsval-veke 

I veke 39 skal elevane ha den siste utdanningsval-veka, der dei skal bli kjende med eit nytt studieprogram på vidaregåande skule. Alle skal hospitera i den vidaregåande skulen ein heil dag. Tre (av 15) utdanningsprogram skal på ekskursjonar på måndag 21. september: Studiespesialisering til Universitetet i Stavanger, Teknologi- og industrifag besøker tre bedrifter og Bygg- og anleggsteknikk skal på ulike anlegg i regionen. Elevar på desse tre utdanningsprogramma skal ha tre dagar med arbeidspraksis, resten av elevane skal har fire dagar i arbeidslivet.