Publisert: 28. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Morten Erga Finsberg

Informasjon veke 36-37

Nasjonale prøvar 
I veke 36 og 37 skal elevane gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal skulen bruka for å følgje opp elevane og arbeid med undervegsvurdering og tilpassa opplæring. 

Foreldremøte 9. september 
Onsdag 9. september skal det vera foreldremøte for 8.trinn. Møtet byrjar kl 19.00. Vi startar i aulaen med ein fellesdel, før de skal ha ei økt med kontaktlærarane i dei ulike klasseromma. Vel møtt. 

Endring av valfag/språkfag 
Elevane har no hatt både valfag og språkfag, og nokon har kanskje gjort seg nokre erfaringar med at det valet dei har teke har vore feil. Det er då viktig at eleven snakkar med føresette og at dokker heime sender ei melding til avdelingsleiar Morten på Visma om kva dei ønskjer å byta til.  
I språkfaga skal det enkelt la seg gjere å byte over til engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Det er ikkje mogleg å byte til spansk eller tysk.  
Vi har også nokre valfag som er veldig fulle, men jo tidlegare ein sender beskjed om byte, jo større sjanse er det for at vi får til bytet. 

Helsing oss på 8.trinn