Publisert: 28. august 2026 | Sist endra: 28. august 2026 | Forfatter: Jon Asgeir Lystvet
Nasjonale prøver ved 9.trinn Bryne ungdomsskule
Føremålet
med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande
ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene
skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i
skolesystemet.
På 9.trinn
gjennomførar me nasjonale prøver i rekning og lesing. Elevane ved 9.trinn på Bryne
ungdomsskule gjer prøvene i veke 37 og 38.
Vil du lese meir om dei nasjonale prøvene kan du
følgje denne lenka til UDIR sine nettstader:
Kva er nasjonale prøver? | udir.no