Publisert: 21. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Morten Erga Finsberg
Informasjon v. 34 - 35
Velkommen til Bryne ungdomsskule
Velkommen alle nye 8.klassingar til Bryne ungdomsskule. Vi håpar de har hatt ein flott sommar, og er klare for å starte opp hos oss.
Dei første dagane vil vi ha fokus på å bli kjende og på å skape eit god klassemiljø. I tillegg skal elvane få læringsbrett og bøker, og gjere seg kjend med skulen, timeplanar og rutinar.
Vi ber alle føresette om å ta i bruk appen Visma flyt foresatt for kommunikasjon med skulen. Det er fint om de også går inn å sjekkar gjennom at alle samtykke, kontaktinformasjon og målform stemmer.
Vi gler oss til å sjå dykk og til å bli kjende med dykk.
Dysmate-kartlegging
Allereie i veke 35 skal trinnet gjennomføre ei Dysmate-kartlegging. Dette er ei screening alle 8.-klassingar i Time skal gjennomføre for å avdekkje eventuelle lese- og skrivevanskar.
Fotografering
Elevane skal fotograferast mellom 24.-26.august. Kvar klasse får tildelt tidspunkt for klassebiletet og portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis på skulen. Dokker får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom direkte frå fotografen. Dette er valfritt.
Bøker
Elevane har fått bøker i dei fleste faga i år. Det blir registrert kva boknummer eleven får, og slik har me oversikt over kven som låner kva for ei bok. Det er viktig at dokker legg bokbind på bøkene slik at me tar best mogleg vare på dei.
Vekeplan og vekeoversikt
Vekeplan og vekeoversikt blir lagd ut på heimesida.Elevane får ein vekeplan som gjeld for to veker av gongen. Her står læringsmåla i kvart falt, informasjon til dykk heime, og leksar elevane har til kvart fag. Det blir også laga ein vekeinformasjon for kvar veke. Her vil det stå meir konkret viss elevane skal noko spesielt den aktuelle veka.
Mobilhotell
Me har ein mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på heimesida under "Brev og beskjedar").
Ny iPad
Elevane har fått heilt nye iPadar og deksel. Det er viktig at elevane tek godt vare på iPaden, og at deksel er like fint når det skal bli levert inn. Er dekselet grapsa til med tusj mm, må elevane erstatte dette ved skuleslutt. Hugs å lada iPaden heime kvar dag.
Ny foreldreapp
Det er nå ein ny app for foresatte: “Flyt Foresatt”. Fint om alle kan sletta den gamle appen, og leggja til den nye. Med denne appen får og sendar du meldingar, varslar fråvær og får viktig informasjon. Les meir om dette på heimesida.
Kantina
Kantina opnar torsdag for sal av meieriprodukt. Måndag vil det vera sal av mat som vanleg. Elevane må derfor ta med seg matpakke i veke 34. Elevane får eit DiggiPay-kort av skulen. Les informasjonen som følgjer med kortet. Der står det korleis ein tek det i bruk. Har du mista kortet, kan du kjøpa eit nytt i administrasjonen for 50 kr.
Heimesida
Informasjon om trinnet finn du på heimesida. Det kan vera lurt å abonnera på nyheiter, slik at du får varslingar når nye saker blir lagt ut.