Publisert: 18. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Jon Asgeir Lystvet
Informasjon v.34-35 9.trinn
Velkommen til nytt skuleår og 9.trinn! Me håper alle har hatt ein fin sommarferie, og at alle gler seg til skulestarten!
Bøker
Elevane har fått bøker i dei fleste faga i år. Det blir registrert kva boknummer eleven får, og slik har me oversikt over kven som låner kva for ei bok. Det er viktig at dokker legg bokbind på bøkene slik at me tar best mogleg vare på dei.
Timeplanar
Klassane sine timeplanar ligg på heimesida. Nye fag dette skuleåret er M&H og musikk. Samt at arbeidslivsfag skal ut i arbeid. Dei arbeidar ein time meir på tysdagar enn dei andre elevane, og møter difor opp til 2.time torsdagar. Dei avspaserar 1.økt kvar torsdag. Annankvar torsdag, i partalsvekene, har elevane norsk i den siste timen 13:20-14:10. I oddetalsvekene er elevane ferdig på skulen 13.15
Mobilhotell
Me har ein mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på heimesida under "Brev og beskjedar").
iPad
Elevane har fått den same iPaden i år som dei hadde i fjor. Det er viktig at elevane tek godt vare på iPaden, og at deksel er like fint når det skal bli levert inn. Er dekselet grapsa til med tusj mm, må elevane erstatte dette ved skuleslutt. Hugs å lada iPaden heime kvar dag.
Ny foreldreapp
Det er nå ein ny app for foresatte: “Flyt Foresatt”. Fint om alle kan sletta den gamle appen, og leggja til den nye. Med denne appen får og sendar du meldingar, varslar fråvær og får viktig informasjon. Les meir om dette på heimesida.
Kantina
Kantina opnar torsdag for sal av meieriprodukt. Måndag vil det vera sal av mat som vanleg. Elevane må derfor ta med seg matpakke i veke 34. Hugs å finna fram DiggiPay-kortet. Har du mista kortet, kan du kjøpa eit nytt i administrasjonen for 50 kr.
Heimesida
Informasjon om trinnet finn du på heimesida. Det kan vera lurt å abonnera på nyheiter, slik at du får varslingar når nye saker blir lagt ut.
Fotografering
Fotografen kjem på besøk 24.-26. august (måndag: 9C, 9B, 9D, onsdag: 9A. Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis på skulen. Dokker får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom direkte frå fotografen. Dette er valfritt.
Mat & Helse
M&H får standpunktkarakter i år. Til timane treng elevane forkle og innesko. Nokon av klassane har allereie M&H denne veka. Meir informasjon om faget kjem til elevane og på foreldremøtet.
Helsing oss på 9.trinn