Publisert: 18. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim
Informasjon v. 34-35
Velkommen til nytt skuleår og 10. trinn! Me håper alle har hatt ein fin sommarferie, og at alle gler seg til skulestarten!
Bøker
Elevane har fått bøker i dei fleste faga i år. Det blir registrert kva boknummer eleven får, og slik har me oversikt over kven som låner kva for ei bok. Det er viktig at dokker legg bokbind på bøkene slik at me tar best mogleg vare på dei.
Timeplanar
Klassane sine timeplanar ligg på heimesida. Denne hausten vil elevane ha full timeplan, men frå veke 3 vil elevane få fri UTV-timen. Nye fag dette skuleåret er kunst og handverk, UTV og symjing.
Mobilhotell
Me har ein mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på heimesida under "Brev og beskjedar").
Ny iPad
Elevane har fått heilt nye iPadar og deksel. Det er viktig at elevane tek godt vare på iPaden, og at deksel er like fint når det skal bli levert inn. Er dekselet grapsa til med tusj mm, må elevane erstatte dette ved skuleslutt. Hugs å lada iPaden heime kvar dag.
Ny foreldreapp
Det er nå ein ny app for foresatte: “Flyt Foresatt”. Fint om alle kan sletta den gamle appen, og leggja til den nye. Med denne appen får og sendar du meldingar, varslar fråvær og får viktig informasjon. Les meir om dette på heimesida.
Kantina
Kantina opnar torsdag for sal av meieriprodukt. Måndag vil det vera sal av mat som vanleg. Elevane må derfor ta med seg matpakke i veke 34. Hugs å finna fram DiggiPay-kortet. Har du mista kortet, kan du kjøpa eit nytt i administrasjonen for 50 kr.
Foreldremøte
Det blir foreldremøte 15. september kl 18.00-19.30. Møtet startar med “Sterk og klar” og blir avslutta med med litt info av trinnleiar og samling i klassane med kontaktlærarane. Meir info om møtet kjem.
Heimesida
Informasjon om trinnet finn du på heimesida. Det kan vera lurt å abonnera på nyheiter, slik at du får varslingar når nye saker blir lagt ut.
Fotografering
Fotografen kjem på besøk 24.-26. august (måndag: 10C, tysdag: 10AB og onsdag: 10DE). Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis på skulen. Dokker får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom direkte frå fotografen. Dette er valfritt.
Øving til munnleg eksamen
I veke 36 skal me starta med å øva oss til munnleg eksamen. Det vil vera ein miniversjon, der elevane får eit fag og eit tema på torsdagen. Dei vil få rettleiing med faglærar same dag, og så vil sjølve prøven vera på fredagen. Elevane vil få meir info om dette. I februar/mars skal me øva ein gong til, der me har prøven over 3 dagar som det vil vera på eksamen.
Helsing oss på 10.trinn