Publisert: 12. desember 2025 | Sist endra: 12. desember 2025 | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 51-2

Siste veka før jul 
Elevrådet arrangerer temadagar i neste veke. Elevane tek på seg klede etter eit gitt tema. Beste klasse vil få spela Padel. Dette er tema dei ulike dagane: 
Måndag: trafikklys 
Tysdag: rock ‘n roll 
Onsdag: galla (klede ein har på seg i selskap) 
Torsdag: after ski 
Fredag: pysjamas 
 
Onsdag er det adventssamling eller adventsgudsteneste, og elevane og føresette må snakka om kva ein vil velga å gå på. Legg inn i Visma kva eleven vil gå på. 
 
Ny bok 
Elevane får i løpet av veka utdelt bok i samfunnsfag. Hugs å leggja bokbind på boka. 
 
Utdanningsval 
15. januar skal elevane vera med på fagdag. Dei skal då velja tre foredrag dei vil høyre på. Kvart foredrag presenterer eit utdanningsprogram. Det er femten utdanningsprogram i den vidaregåande skulen (vgs) å velja mellom. Etter fagdagen skal dei setja opp kva utdanningsprogram dei ønsker å fordjupa seg i når me i veke 17 skal ha utdanningsval-veke. Då blir det arbeidsveke og ein dags hospitering i vidaregåande skule (vgs). I forkant av fagdagen 15. januar vil rådgjevar Knutzen besøka klassane og informera om alle 15 utdanningsprogramma i vgs. Til hausten (10. trinn) skal dei ha ein nye runde, der dei skal fordjupa seg i eit anna utdanningsprogram. Alt dette skjer i regi av faget Utdanningsval som skal førebu elevane på vala dei må ta i samband med innsøking til vidaregåande skule som skjer om litt over eit år. Det er viktig at føresette set seg inn i desse tinga og bruka rådgjevar-sida på heimesida vår i tillegg til vilbli.no og utdanning.no. 
 
Hei verden 
Stor takk for flott engasjement og gjevarglede rundt årets innsamlingsaksjon. Skulen har hatt elevkveld, bøsseinnsamling, sponsorløp og arbeid heime/på arbeidsplassar, for å tena inn til formålet. Ein viktig faktor har vore føresette der heime som har sponsa på Hei verden-løpet. Alle tala er ikkje klare, men me har fått inn over 100.000 kr. Stor takk! 
 
Terminkarakter 
Me tek straks juleferie, men 1. termin er ikkje over før 16. januar 2026. Elevane vil få terminkarakterane sine i veke 4. 
 
Juleferie 
Siste skuledag før jul er 19. desember. Elevane vil få fri kl 11.00 på fredag. Første skuledag etter juleferien er måndag 5. januar.  
 
Julehelsing 
Me på 9.trinn ynskjer alle føresette og elevar ei riktig god jul og godt nyttår! Me sjåast på nyåret