Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Lagånd-veka på Bryne skule

Heile veke 13 har me hatt fokus på lagånd på Bryne skule. Me har øvd på samarbeid, snakka om kor viktige brikker me alle er i fellesskapet. 

Elevane har leika og hatt aktivitetar på tvers av trinn. Det har vore song, dans, turar, bål og mange ulike aktivitetar. Alt dette er med på å skapa gode relasjonar og tette band både blant elevar og vaksne. Me er alle viktige i laget Bryne skule. 

Veka blei avslutta med to fellessamlingar i aulaen. Trinna hadde eitt innslag kvar. Publikum fekk tårer i auga og "gåsehud" av det elevane presenterte på scenen.